Inneholder ingredienser med bruksgrenser
Inneholder en EU-tillatt ingrediens som et vitenskapelig eller regulatorisk organ har markert.
Basert på regulatorisk status i EU og Norge og vitenskapelige vurderinger. At en ingrediens er til stede, betyr ikke at konsentrasjonen overstiger noen grense.
Sminkefjerner & augebalsam er et produkt innen kategorien Rensemidler/kosmetikkfjernere (manuelle) produsert av Symre. Produsentens beskrivelse: Naturleg sminkefjerner & augebalsam i eitt! Fjerner sminke raskt og effektivt – både vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Den er ein super augebalsam – gir ekstra god fukt, næring og pleie. Kan gjerne brukast som nattkrem. Du får den både i liten reisestørrelse på 15 ml som passer perfekt i sminkeveska eller ein litt større boks på 50 ml. Den er veldig dryg i bruk! KORLEIS BRUKE KREMEN: Smør tynt på i ansiktet og tørk forsiktig av med ein mjuk klut / sminkepad. For å fjerne maskara så smører du litt på auge/augevipper og gnikker lett. Tørk av med mjuk klut / sminkepad. Skal ikkje vaskast av! Når all sminke er fjerna så smører du på litt ekstra rundt augo, men gjerne også i resten av ansiktet om du ønsker det. Kremen fungerer veldig godt som nattkrem, og er ein god balsam til hovne, raude, tørre auger. Kremen inneheld ei rekke næringsrike ingredienser: 🌸 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. 🌸 Uttrekk av nesle i tistelolje gir også masse næring til huda. Tistelolje er velegna til alle hudtypar, og er den vegetabilske olja som inneheld størst mengd av omega 6-feittsyra linolsyre. Nesle er god til både hud, negler og hår ettersom den inneheld mykje silisium – eit viktig mineral for huda. Nesle kan ha god effekt på eksem og irritert hud. 🌸 Squalane er utvunne av olivenolje og gjer huda silkemjuk! Squalane er fuktigheitsbevarande, beskyttande og regenererande. God til følsom hud. 🌸 Nyperoseolje er særs næringsrik og har mellom anna eit høgt innhald av antioksidanter. Den kan ha ein regenererande, oppstrammande, helande og cellefornyande virkning. Dette er ei veldig god olje til ansiktet, og er ekstra godt egna til moden, tørr og sensitiv hud. 🌸 Ylang-ylang er ei heilt fantastisk og luksuriøs blomsterduft. Olja kan ha antiseptisk og beroligende effekt, og passer til alle hudtypar. Og berre så det er sagt: sjølv om fleire av ingrediensane i denne kremen er helande og med såkalla oppstrammande effekt, så er dette ingen «anti-aging»-balsam som skal hjelpe mot rynker. Me heier faktisk på rynker og alderdom, og meiner at kroppen er fantastisk slik den er!
Frifor fraskriver seg alt ansvar for informasjonen i databasen. Dobbeltsjekk alltid. Har du allergier eller andre behov, les nøye på pakningen. Innhold kan avvike, oppskrifter kan være endret, og informasjon kan være feil.
Ta Frifor med deg
Lagre produktet, skann strekkoder og få allergivarsler i appen.