Universalkrem med mynte - kuldekrem er et produkt innen kategorien Hudpleie/fuktighetsgivende produkter produsert av Symre. Produsentens beskrivelse: Symre universalkrem med mynte er ein næringsrik og allsidig krem til heile kroppen. Om haust og vinter anbefaler me den spesielt som kuldekrem ❄️ Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld få og trygge ingrediensar. Kremen kjem i krukke på 60 ml eller i ein liten og praktisk 30 ml-boks som enkelt får plass i lomma, veska eller sekken! ❄️ Kuldekrem til kalde haust- og vinterdagar 🤧 Smør den under nesa ved forkjølelse ❤️🩹 Smør den på muskelsmerter/verk 💧 God til eksem 💚 Bruk den som ein ekstra næringsrik ansiktskrem og kroppskrem ved tørr hud 🦶 Herleg som feit og næringsrik fotkrem til tørre og sprukne helar Universalkrem med mynte har eit høgt innhald av talg som beskytter huda. Uttrekk av mynte frå den vesle marknadshagen vår og eterisk olje av grønnmynte kan ha ein kjølande, klødempande og antiseptisk effekt. Mynte kan også virke godt på muskelsmerter og til å smøre under nesa ved forkjølelse. Grønmynte er ei av dei eteriske oljene som ein reknar som trygg til barn. Hovudinnhaldet i denne kremen er talg og planteolje, og kun 0,49 % eterisk olje. Til barn skal ein likevel alltid vera forsiktig, og me anbefaler å teste ut på eit lite område på huda først. NB! Til spedbarn under 3 mnd bør ein ikkje bruke eteriske oljer, prøv heller då vår universalkrem naturell . Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar!
Frifor fraskriver seg alt ansvar for informasjonen i databasen. Dobbeltsjekk alltid. Har du allergier eller andre behov, les nøye på pakningen. Innhold kan avvike, oppskrifter kan være endret, og informasjon kan være feil.
Ta Frifor med deg
Lagre produktet, skann strekkoder og få allergivarsler i appen.