Fjellbit Sjamposåpe talg naturell er et produkt innen kategorien Hår - shampo produsert av Symre. Produsentens beskrivelse: Få reint hår og hovudbotn med Fjellbit sin heimelaga Sjamposåpe naturell – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff. SJAMPOEN INNEHELD EI REKKE GODE INGREDIENSAR: Fjellbit Sjamposåpe talg naturell er ein naturleg, allergivenleg og miljøvenleg sjampo med 100 % naturlege ingrediensar. Dette er ein heimelaga, fast sjampo laga av talg frå storfe og oljer som er gode for hår og hovudbotn. Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene, og vil pleie hovudbotnen medan den vaskar. KORLEIS BRUKE SJAMPOEN: Sjampo, men kan også nyttast som hånd- og kroppssåpe. Fukt sjampobaren i vatn og skum i handa eller direkte i håret. Skyll ut med lunka eller varmt vatn. Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid. Sjamposåpa kan gjerne brukast til resten av kroppen som ein dobbeltdusj om du ynskjer å bruke berre ei såpe.
Frifor fraskriver seg alt ansvar for informasjonen i databasen. Dobbeltsjekk alltid. Har du allergier eller andre behov, les nøye på pakningen. Innhold kan avvike, oppskrifter kan være endret, og informasjon kan være feil.
Ta Frifor med deg
Lagre produktet, skann strekkoder og få allergivarsler i appen.