Inneholder ingredienser med bruksgrenser
Inneholder en EU-tillatt ingrediens som et vitenskapelig eller regulatorisk organ har markert.
Basert på regulatorisk status i EU og Norge og vitenskapelige vurderinger. At en ingrediens er til stede, betyr ikke at konsentrasjonen overstiger noen grense.
Ansiktskrem med talg, ringblomst & lavendel – til tørr og sensitiv hud er et produkt innen kategorien Hudpleie/fuktighetsgivende produkter produsert av Symre. Produsentens beskrivelse: Symre ansiktskrem med ringblomst, mandelolje & lavendel passar for alle hudtypar, men er særskilt god for tørr og sensitiv hud. Kremen er mjukgjerande og næringsrik. Den inneheld få og naturlege ingrediensar: TALG utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. RINGBLOMSTOLJE er eit vidundermiddel for huda. Ringblomst er ein av dei mest brukte vekstane i naturleg hudpleie. Den kan virke regenererande, helande og beroligande. Til tørr problemhud er dette ei veldig god olje. Ringblomst er også kjent for å vera helande for solbrent hud. MANDELOLJE e r veldig mykje brukt i hudpleie for sine gode eigenskaper. Me brukar søt mandelolje som er økologisk og kaldpressa, slik at den bevarer mest mogleg av olje sine næringsstoff. Det er ei mild og halvfeit olje som passer til alle hudtypar. Men særskilt er mandelolje kjent for å vera bra for sensitiv og tørr hud. Mandelolje inneheld vitamin A, B1, B2 og E, og er rik på feittsyrer. Den kan virka lindrande på kløe og vera betennelsesdempande. LAVENDEL har ei nydeleg og beroligande lukt. Lavendel kan ha god effekt ved både eksem og lett solbrentheit. TALGBASERT HUDPLEIE : Symre er laga på vår eigen økologiske gard her på Voss. Talg har våre ei viktig råvare her på garden i generasjonar – oldemor laga både såper og lys av talg. Ein nytta det ein hadde, og tok vare på ressursane frå dyra på ein naturleg måte. Talg har også tradisjonelt våre brukt til salver mot eksem og andre hudplager, og denne tradisjonen ønskjer me å føre vidare gjennom Symre. Me lagar handlaga hudpleie med talg frå eigne økologiske, grasfôra Vestlandsk fjordfe, kombinert med oljer og ville vekstar frå garden og utmarka. For oss handlar det om å ta vare på gamle kunnskapar, bruke lokale ressursar og gje tradisjonell talg ein naturleg plass i moderne hudpleie. Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar. KORLEIS BRUKE ANSIKTSKREMEN : Talgbasert hudpleie er veldig næringsrik, og ein kjem langt med lite! Bruk mengden tilsvarande ei lita «ert» på fingeren, og fordel godt utover ansiktet. Suppler med litt ekstra om du treng. Kremen kan brukast både som dag- og nattkrem. Har du ekstra tørr hud, så kan du gjerne smøre deg ekstra godt med kremen like før leggetid. KORLEIS TA VARE PÅ KREMEN : Alle kremane frå Symre er 100 % naturlege og talgbaserte kremar. Dei inneheld ingen konserveringsmiddel eller stabilisatorar. Oppbevar kremen i romtemperatur, og ikkje i direkte sollys. Om du ikkje brukar kremen ofte, så kan du gjerne oppbevare den i kjøleskåpet.
Frifor fraskriver seg alt ansvar for informasjonen i databasen. Dobbeltsjekk alltid. Har du allergier eller andre behov, les nøye på pakningen. Innhold kan avvike, oppskrifter kan være endret, og informasjon kan være feil.
Ta Frifor med deg
Lagre produktet, skann strekkoder og få allergivarsler i appen.