Fjellbit Sjamposåpe talg naturell ist ein Produkt der Kategorie Haarshampoo von Symre. Herstellerbeschreibung: Få reint hår og hovudbotn med Fjellbit sin heimelaga Sjamposåpe naturell – ei naturleg og allergivenleg såpe heilt utan kunstige tilsetjingsstoff. SJAMPOEN INNEHELD EI REKKE GODE INGREDIENSAR: Fjellbit Sjamposåpe talg naturell er ein naturleg, allergivenleg og miljøvenleg sjampo med 100 % naturlege ingrediensar. Dette er ein heimelaga, fast sjampo laga av talg frå storfe og oljer som er gode for hår og hovudbotn. Det er lange tradisjonar i å bruke talg frå storfe til såpe på gardane rundt omkring. Talg er svært næringsrik, og inneheld blant anna mange vitamin som er bra for huda. Feittsyrene trekker lett inn i huda di utan å tette porene, og vil pleie hovudbotnen medan den vaskar. KORLEIS BRUKE SJAMPOEN: Sjampo, men kan også nyttast som hånd- og kroppssåpe. Fukt sjampobaren i vatn og skum i handa eller direkte i håret. Skyll ut med lunka eller varmt vatn. Faste såper som dette treng å tørke mellom kvar gong dei er i bruk. Legg difor gjerne såpa luftig på ei god såpeskål, rist eller liknande etter bruk. Dette gjer at du har glede av den håndlaga såpa di i lang tid. Sjamposåpa kan gjerne brukast til resten av kroppen som ein dobbeltdusj om du ynskjer å bruke berre ei såpe.
Frifor übernimmt keine Haftung für die Angaben in der Datenbank. Prüfe sie immer selbst nach. Wenn du Allergien hast oder aus anderen Gründen auf etwas achten musst, lies die Verpackung genau. Der Inhalt kann abweichen, Rezepturen können sich ändern und Angaben können falsch sein.
Nimm Frifor mit
Speichere dieses Produkt, scanne Barcodes und lass dich in der App vor Allergenen warnen.